Skåbu Fjellhotell

Musikkfestpakke til Musikalsk toppmøte, 7. – 9. oktober

Musikalsk toppmøte; Gjevre, Odde, Vårdal & Georg Reiss i Skåbu kyrkje den 8. oktober 2021
 
Musikkfestpakke – overnatting og konsert,
7. – 9. oktober

«I haustferien er råvarene i Gudbrandsdalen gjerne stuttreiste, kjøkensjefene i storform, høstfargene spektakulære og sengene ei prinsesse verdig. Saman med Gudbrandsdal musikkfest ynskjer Skåbu Fjellhotell å spele opp under alt dette ved å by deg pakker med eventyrlege opplevingar for alle sansar. For deg som festivalgjest gjer det opplevinga av å bu, ete og sanse enno betre – med nøye kurerte opplevingar plukka frå øvste hylle i Dalenes dal. Velkomen til haustens vakreste eventyr!» 

                                Gudbrandsdalen musikkfest

 

Konsert: Gjevre, Odde, Vårdal // Georg Reiss – Skåbu kirke

Pakka inkluderer 1 eller 2 konsertbilletter (Ettersom romvalg) til denne konserten.

 
For booking og info på romvalg/priser,
se arrangørens sider her.
Konsertarena: Skåbu kirke
Frokost: Inkludert i pris
Overnatting: 7. – 9. oktober
Musikkfestmiddag 8. oktober: 5 rettars musikkfestmiddag
Transport: I gangavstand

Forslag ekstra aktiviteter:

Fjelltur med eller utan guide.

Omvisning på Lykkja Fjellgard med historie frå bygda, dyr og lokalhistorie: www.lykkjafjellgard.no.

For booking og info på romvalg/priser, se arrangørens sider her.
 
OM konserten

Musikalsk toppmøte | Gjevre, Odde, Vårdal & Georg Reiss | Skåbu kyrkje

Inge Gjevre, Mads Erik Odde og Vegard Vårdal byrja å spele i lag hausten 2017 som eit resultat av fleire dansespelingar og jamsessions – i kveld har dei invitert med seg dyktige Georg Reiss på klarinett for å spele fletta av jotnene i fjellheimen kring Skåbu.

Alle tre er erfarne danse- og konsertspelemenn, og har kvar for seg lang fartstid innanfor folkemusikken. Med toraderen som det melodiførande instrumentet, trekkspelet med akkordmoglegheitene og ei hardingfele som vekslar mellom det improvisatoriske og den spesifikke stemmeføringa, blir uttrykket spanande og spesielt. Med seg på konserten har trioen Georg Reiss – ein av Noreg sine leiande klarinettister innen tradisjonell jazz og ulike typar folkemusikk.

Scene for dette spanande musikalske toppmøte er smellvakre Skåbu kyrkje med sin rikt utskårne altertavle – i seg sjølv ei kulturoppleving.

Ved spørsmål eller booking til Skåbu fjellrestaurant,ta kontakt nedenfor.

One Reply to “Musikkfestpakke til Musikalsk toppmøte, 7. – 9. oktober”

Leave a message

en_GBEnglish (UK)