Skåbu Fjellhotell

Det Franske Kompani – konsert 10.07. kl 21.00

Konsert på Skåbu Fjellhotell – 10. juli kl 21.00. Billettpris kr 200,-

  

 

Det Fronske Kompani er eit folkpop/rockband frå Gudbrandsdalen med tekster på kav døl. Det Fronske Kompani vart starta vinteren 2014 som eit resultat av at låtskrivar Vegard Moshagen øydela akillesen.

 

På lasarettet var det god tid til å gruble ut vakre melodiliner inspirert av folkemusikken frå Gudbrandsdalen, og under medsoldat Bjørn Kjellsson Slettens mange sjukebesøk voks tekster om livet på landet saman med musikken. Same vinter fekk dei stabla på føtene eit kompani beståande av nokre av dei mest skarpladde musikarkanonane frå Gudbrandsdalen og omegn, men denne kvelden er det Det Fronske Kompani – ved to av dei.

 

Tekstene på klingande gudbrandsdalsdialekt er ein kommentar til verda og livets små og store bøygar, kampar som skal kjempast, sigrar vi vinn, slag vi må tåle. Om den vanskelege kjærleiken. Om den herlege kjærleiken. Om bilkjøring, netttroll og lengten ut, til naturen. Musikken vekslar frå det vare, nære og mollstemte til det fartsfylte og festlege – alltid med eit takknemleg nikk til tradisjonen og folkemusikken.

 

Det Fronske kompani har spelt på låvefest og i stavkyrkjer, på fjelltoppar og på sjølvaste Rockefeller. Bandet har arbeidd med si fyrste plate sidan 2015 – i 2020 kjem den endeleg – langtidsmodna musikk frå midt i Gudbrandsdalen.

 

Forhåndssalg av billett gjennom Skåbu fjellhotell. Sikre deg din billett i dag – begrenset antall plasser!

Legg igjen en beskjed

nb_NONorsk bokmål
en_GBEnglish (UK) de_DEDeutsch nb_NONorsk bokmål